Siste nytt frå SMS står alltid øverst på denne
sida!!
Stoff til denne sida og stoff til dei enkelte avdelingar kan sendast til svoens@gmail.com
| Oppdatert 08.11.09 av web-gruppa-sms |
Siste tida si store sak vedr. SMS er NAV-saka der Flora kommunestyre i veka som gikk vedtok at bygging av NAV lokaliteter igjen skal ut på anbod. Her finn du styreleiar for Firdavegen 1 AS Kjartan Olafsson sin presentasjon av saka overfor enkelte politiske parti før kommunestyrehandsaminga.
| Oppdatert 06.12.07 av web-gruppa-sms |
Det er nok lite som skjer på denne sida men mykje på SMS. Det er fullt på huset og stadig fleire som vil ha meir plas. Vi får sjå kva som skjer vidare med det, så følg med.... Førebels feirer vi advent.
| Oppdatert 09.02.06 av web-gruppa-sms |
I dag er det 5 år sidan offisiell opning av SMS. Dagen blir markert med kake og litt tilbakeblikk i kantina ved SMS kl. 12.
| Oppdatert 11.12.05 av web-gruppa-sms |
Legegruppa har fått ny eiga heimeside tilknytta Minhelse.no. Oppdateringane for legegruppa vil dermed skje på denne sida.
| Oppdatert 04.12.05 av web-gruppa-sms |
Lenge stilstand på heimesida vår men no er vi igang. Apoteket si side er oppdatert.
| Oppdatert 07.01.05 av web-gruppa-sms |
Legevakta på kveldstid, natt og helg til Nærsjukehuset
| Oppdatert 31.10.04 av web-gruppa-sms |
Ytre Sunnfjord
bedriftshelseteneste har no oppdatert si heimeside. Enkelte
tilpassingar også på Legegruppa si
side.
Joseph Odijk - fysioterapeut ved Fysioterapigruppa SMS er medforfattar til
denne artikkelen
: Nærværsarbeid i Statoil Forpleining; Mia
Nadja Bauer Joseph
Odijk Tidsskr Nor Lægeforen 2004; 124: 2630-2
| Oppdatert 19.09.04 av web-gruppa-sms |
Ved SMS flagger vi no kunn på 1 stang - 2 flagg er altså borte. Ingen har returnert dei og beklaga tjuveriet - men vi veit gode råd. Nye flagg er bestilt.
| Oppdatert 05.09.04 av web-gruppa-sms |
Apoteket og legegruppa
har no
oppdatert si heimeside.
Legegruppa har i haust 2 turnuslegar. I tillegg har avdelinga også
student. Heidi Espvik som siste halvår har vore turnslege ved
legegruppa er no vikar for Hilde M. Sund som er i
svangerskapspermisjon. Ny fastlegevikar er også Lars Gunnar Klæbo
som handterer J.S. Dyszyk si fastlegeliste inntil februar 2005 då ein reknar
med å ha ny fastlege for denne lista på plass. Kjartan Olafsson har
delvis permisjon i haust for å arbeide med prosjekt for Rikstrygdeverket.
Hans liste blir turnert av Henrik Heerwagen som har vore vikar sidan i
mai. Saman med Lasse Andersen som slutter i desse dager har han turnert
ein god del av vaktene i sommar.
Eit større prosjekt ved legegruppa SMS der Kjartan Olafsson er prosjektleiar er Gult Kort - eit prosjekt for å støtte arbeidsplassdialogen og redusere sjukefråværet.
| Oppdatert 02.09.04 av web-gruppa-sms |
Avdelingane ved SMS er no oppfordra til å oppdatere sine heimesider med informasjon, tilsette, bilder o.s.v. Dette vil skje i løpet av september månad. Så snart vil du kunne fylgje ei oppdatert heimeside ved SMS. Så følg med.......!
| Oppdatert 10.06.04 av web-gruppa-sms |
Endeleg har vi fått gruppebilde frå apoteket. Vitus apoteket har no kjøpt opp Florø apotek og Karen Sindre har gått av med pensjon.
Legegruppa er heldige i sommar å ha fått danske vikarer for å avhjelpe feriekrisa. Her ser du Lasse og Henrik.
| Oppdatert 24.03.04 av web-gruppa-sms |
Les og sjå bilder frå dialogkonferansen mellom Trygdekontoret og Legegruppa idag.
| Oppdatert 24.02.2004 av web-gruppa-sms |
Nytt og oppdatert gruppebilde for Legegruppa er på plass
| Oppdatert 07.02.2004 av web-gruppa-sms |
Vi har flikka litt på indexsida vår. Linkar til kvar avdeling er no lagt ut på indexsida. Vonar dette gjer det lettare å finne den enkelte avdeling.
| Oppdatert 19.01.2004 av web-gruppa-sms |
Vi har gjort endringar i legegruppa, fysioterapigruppa og fysio-ergoterapi.
| Oppdatert 05.01.2004 av web-gruppa-sms |
Det er gjort enkelte endringar og tilføyingar på legegruppa si side.
| Oppdatert 04.09.2003 av web-gruppa-sms |
Endringar i helsestasjonen si side er innlagt idag.
| Oppdatert 09.02.2003 av web-gruppa-sms |
Dr. Florentina og Rachid Naboulsi er igang som augelegar ved SMS. Heimesida deira er på plass her. Også noko oppdatering er gjort vedr. bilde på bl.a. nye legar ved legegruppa
| Oppdatert 19.01.2003 av web-gruppa-sms |
Vi er endeleg tilbake på nettet etter å ha vore nedkopla sidan medio november. Vi er igang med oppdatering av vita informasjon vedr. dei enkelte avdelingar i SMS og først ute er Deloitte. Manglar framleis eit par bilder som kjem etter kvart. Ved Legegruppa er ansatt 2 nye legar, der bilder også er på plass etter kvart.
1. februar startar dei nye augelegane i bygget. Namnet på kontoret er Øyelegeklinikken Naboulsi og heimesida deira vil vere klar i løpet av februar.
| Oppdatert 10.10. 2002 av web-gruppa-sms |
Lenge sidan det sist skjedde noko på denne sida
- men ved SMS er det framleis full drift. I sommar har nabohuset mot vest
vorte rive - ny parkeringsplass er laga. Området rundt senteret er elles
under oppussing og i desse dager plantast det. Flaggstenger er på på
plass og snart veier tre SMS-logoflagg frå stengene. Vi venter framleis
på at ny augelege skal vere på plass i bygget men alle formaliteter er eno
ikkje i orden.
Blikkenslagaraen har flytta ut av kjellaren - det forhandlast om nye brukarar
der.
| Oppdatert 06.03.2002 av web-gruppa-sms |
Sjå bilder frå SMS si årsmarkering 1,
2, 3,
4. Marsjipankake og foredrag ved
Kolbjørn Nybø var nokon av ingrediensane.
Legegruppa på tur til Førde Legesenter
Bjørn Engesæth har fått minneside.
YSLF (Ytre Sunnfjord Legeforum) - sjå
terminplan og bilder frå møter.
| ppdatert 03.02.2002 av web-gruppa-sms |
Geir Kittang startar spesialistpraksis som fysikalsk medisinar i SMS. Les omtalen i Firdaposten.
| Oppdatert 04.01.2002 av web-gruppa-sms |
Trygdekontoret opna dørene sine i SMS idag. Kl. 12.00 var der ein liten opningsseremoni med ein del innbudte gjestar - bilda finn du her. Det var også omtale i Firdaposten. Trygdekontoret sine sider vil etter kvar bli produsert og starten finn du her.
| Oppdatert 29.12.2001 av web-gruppa-sms |
Begravelsen til Bjørn Engesæth skjedde i går. Familie, kolleger og venner fylte kyrkja og mange fann vegen til minnestunda etter. Begge arrangementa var prega av musikk utøvd av mange av hans musikkvenner og blei trass i sorga ei stor stund for dei som var til stades. Mange gode ord blei sagt. Frå SMS la Odd Husebø ned krans og frå Sogn og Fjordane legeforening Geir Kittang. På minnestunda talte ma Jan Helge Dale.
| Oppdatert 21.12.2001 av web-gruppa-sms |
![]() |
Bjørn Engeseth er død. |
Vår kjære augelege Bjørn Engesæth døydde brått og uventa i går kveld. Han blei 57 år gamal. Sunnfjord Medisinske Senter har idag vore prega av sorg. Kantina var full av venner og kollegaer frå SMS og sjukehuset under eit minnesamvær i dag kl. 12. Kona Anne Marie var også tilstades. Minneorda finn du her. I tillegg snakka Terje Sindre frå sjukeshuset og Jan Helge Dale frå Legegruppa. Vi vi like å hukse Bjørn slik saman med sine trufaste ansatte. Begravelsen blir fredag i romjula.
| Oppdatert 19.12.2001 av web-gruppa-sms |
Førjulsaktivitet ved SMS. Bilda finn du her. Fysio- og ergoterapien har også fått sine bilder og dei finn du her. Helsestasjonen har hatt sin julelunsj og der blei det også gruppebilde som no prydar dera heimesider her.
| Oppdatert 05.11.2001 av web-gruppa-sms |
Ingrid har slutta ved legegruppa. Klikk her og sjå bilda frå avslutningsfesten
| Oppdatert 02.10.2001 av web-gruppa-sms |
Klikk her og sjå bilda frå Deloitte & Touche sine pene lokaler i 4. etasje.
Nytt bilde av SMS på index sida. Klikk her og sjå bilde av SMS ein tidleg haustmorgon i klart og skarpt ver.
| Oppdatert 28.09.2001 av web-gruppa-sms |
Trygdekontoret flytter inn i SMS ved nyttår. Les meir i Firdaposten.
| Oppdatert 27.09.2001 av web-gruppa-sms |
Les i Firdaposten si papirutgåva idag. Deloitte & Touche har omvisning i lokala sine i 4. etasje SMS i morgon. Firdavegen 1 A/S har kjøpt og overtatt Solberg eigedomen vest for bygget. Eigedomsselskapet kontrollerer no alt areal mellom Firdavegen, Hans Blomgate og parken. Bruksområdet for den nye egedomen er enno ikkje klar men førebels vil noko av arealet bli nytta til parkering.
| Oppdater12.08.2001 av web-gruppa-sms |
Lang ( for lang?) sommarferie i web-gruppa. Det nye er at Deloitte & Touche er på plass i bygget frå 1. juli. Etter kvart vil bilda vere på plass på deira side her. Det er no også klart at Trygdekontoret skal vere på plass 1. januar 2002.
| Oppdatert18.05.2001 av web-gruppa-sms |
Byggeskikkprisen 2001 i Flora gikk til Sunnfjord Medisinske Senter!! Hyggeleg og ikkje heilt uventa? Ein stolt styreformann og arkitekt/prosjektleiar tok imot prisen på Stadion i Florø 17. mai. Klikk her for avisutklipp og klikk her for å sjå dei nominerte.
| Oppdatert 28.04.2001 av web-gruppa-sms |
Legegruppa SMS. Les nytt om fastlegeordninga og tidsskriftpublikasjonar utført av legar ved legegruppa.
| Oppdatert 22.04.2001 av web-gruppa-sms |
Vi legg no inn bilder frå dei ulike avdelingar - først ute er Synsenteret, Helsestasjonen, augelege Engeseth, Fysioterapigruppa, fellesrom, dr. Husebø, Legegruppa og YSB. Følg med i tida framover.
| Oppdatert 22.02.2001 av web-gruppa-sms |
Klikk her for å sjå YSB si nye flotte info-side
| Oppdatert 18.02.2001 av web-gruppa-sms |
Les i Firdaposten om SMS og evt. samarbeid med departementet.
| Oppdatert 13.02.2001 av web-gruppa-sms |
Offisiell opning fredag 9. februar 2001
Les om det vellukka arrangementet på www.firdaposten.no/0/28/17/0.html
Klikk og sjå på bilda frå opningsseremonien, omvisninga og seminaret.
Og her finn du bilda frå banketten og bilda frå dagen derpå
Offisiell opning 09. februar
Offisiell opning blir fredag 9. februar. Følg med på denne sida og du vil bli oppdatert når det gjeld dette arrangementet.
Seminaret "Frå sjukt og delt til sterkt og heilt"
Apoteket flytter inn.
Mandag 05. februar opnar Apoteket dørene for kundar. Dermed er siste leigetakar i denne omgang på plass i SMS.