Til Bjørn sitt minnesamvær ved SMS 21.12.2001

 

Det er med vemod og sorg igjen samlast i kantina 24 timar etter at Bjørn med SMS koret hadde juleavslutning her.  I går morgon møttest vi kl. 0800 til øving.  Tross ein svært travel dag for Bjørn stilte han presis kl. 08 og kl. 12.  Seks timar seinare var han gått bort.

  Det er ein svært avholdt kollega og lege for sine pasientar som vi idag minnest.  For augepasientar langt utanfor Florø sine grenser har han vore ein stor tryggleik på at deira helse blei ivaretatt på den beste måten.  Aldri har vi fått  anna enn positive tilbakemeldingar frå pasientane og er er viss på at dei syrgjer saman med oss idag.

  For oss i SMS bygget har Bjørn vore ein sjølvsagt del av fellesskapet det året vi har eksistert.  Frå starten av prosjektet har han vore ein sjølvsagt medspelar og premissleverandør.  Han har ivra for tanken og for miljøet og var stolt den dagen vi kunne flytte inn. 

  Undervegs har han deltatt i alt som har skjedd og har trufast stilt opp på dei felles arrangement som har vore.  Han har bl.a. vore nestleiar i leigetakarforeininga.  Bjørn har ivra for kulturen i bygget - vi huksar alle opningsseremonien der han han i vind og snøver spelte «Amazing grace» på slange.   I tillegg har han hatt eit stort ynskje om at sangen og musikken skulle blomstre i fellesskapet her.  Han har ivreg deltatt i SMS koret og hadde ynskje om at det skulle utvikle seg vidare. 

  Men først og fremst har Bjørn vore ein god venn.  Med sitt lune vesen har han vunne mange venner her i fellesskapet og mange har vorte glade i han.  Eg vil tru mange av dei som har vore hans kollegar frå Florø sjukehus og som også er møtt opp her idag også har dei same kjenslene.   

  Tankane våre går idag til  Anne Marie, Njål og Harald som har misst ektefelle og far så altfor tidleg.  Måtte vi få lov til å gje den støtte som vi kan bidra med i tida framover. 

  Sangen «Ein fin  liten blome» med tekst av Anders Hovden og melodi av Bjørn Eidsvåg trur eg Bjørn hadde villa vi skulle synge i dette samværet og eg foreslår at vi syng denne saman.

 

Fred over minnet til Bjørn.

  Normund