Legegruppa SMS og fastlegeordninga
Siste informasjon kjem alltid øverst på denne sida.

Les Firdaposten 22.05.01 vedr. fastlegeordninga i Flora.

79 % av innbyggarane i Flora kommune har fått den legen dei sette som 1. prioritet.   Les om dette i Firdaposten.  For nøyare informasjon les det som står nedover denne sida.   

Informasjon frå departementet om ordninga og nasjonale føreskrifte finn du her

Fastlegeordninga trer i kraft 1. juni.  I midten av mai får alle pasientar som ikkje har reservert seg mot ordninga melding om kven som blir deira fastlege.  Følg med på denne sida og du vil bli oppdatert.

Aktuelle problemstillingar
§
Er du inne i eit intensivt behandlingsopplegg med fleire kontrollar dei siste månader hos ein lege men har fått tildelt ein annan fastlege?
-------Inntil vidare skal du bestille time hos den legen du har brukt til no.  Du har også mulegheit til å bytte fastlege så lenge legen du ynskjer å gå til har plass på si liste.  Ring telefonnummeret som står på brevet du har fått med namn på fastlegen din.  Medlemer i same familie (ektefelle og barn) kan få same fastlege uavhengig av om lista er full.    

§ Har du fått tildelt ein lege utan namn?
-------Gi beskjed om dette når du bestiller time og du får time hos ein av legane ved senteret inntil denne legen er på plass.  Ein turnuslege som starter ved Legegruppa 15.07.01 har søkt stillinga og vil ta over denne lista når han er ferdig med turnustenesta om 1/2 år.  

§ Om du treng lege-time same dag (øyeblikkeleg hjelp)?
--------Ring Ø-nummer 5774 5 113 tidleg på dag og be om time hos din fastlege.  Er han ikkje til stades denne dagen eller han ikkje har mulegheit til å sjå deg vil du likevel få hjelp enten ved rådgiving av medarbeiderved kontoret,  telefonkontakt med fastlegen eller time/telefonkontakt hos den legen som har øyblikkeleg hjelp ansvar denne dagen.  På ettermiddag, natt og helg fungerer den kommunale legevakta som før.  Ø-nummer gjeld heile døgnet.