Nytt frå Legegruppa SMS
Siste informasjon kjem alltid øverst på
denne sida.
06.09.04 Legegruppa har i haust 2 turnuslegar. I tillegg har avdelinga også student. Heidi Espvik som siste halvår har vore turnslege ved legegruppa er no vikar for Hilde M. Sund som er i svangerskapspermisjon. Ny fastlegevikar er også Lars Gunnar Klæbo som handterer J.S. Dyszyk si fastlegeliste inntil februar 2005 då ein reknar med å ha ny fastlege for denne lista på plass. Kjartan Olafsson har delvis permisjon i haust for å arbeide med prosjekt for Rikstrygdeverket. Hans liste blir turnert av Henrik Heerwagen som har vore vikar sidan i mai. Saman med Lasse Andersen som slutter i desse dager har han turnert ein god del av vaktene i sommar.
Eit større prosjekt ved legegruppa SMS der Kjartan Olafsson er prosjektleiar er Gult Kort - eit prosjekt for å støtte arbeidsplassdialogen og redusere sjukefråværet.
24.03.04 Les og sjå bilder frå diaglogkonferansen mellom Legegruppa og Trygdekontoret idag.
19.01.04 Les i Firdaposten om menigokokktilfelle i Florø.
05.01.03 Det har lenge vore stilt på denne sida. Det betyr ikkje at det har vore stilt i drifta av Legegruppa SMS. Det er stor pågang av pasientar og vi jobbar for fullt. For tida har vi ledig vakans stilling for Stanislav som tar sjukehusåret no ved Haraldsplass i Bergen. Clarence arbeider som vikar 2 dager for veka i tilleg til at han tek nokre vakter. Det har vore søkt etter fast vikar for han men enno er ingen tilsett. Det blir også søkt etter vikar for Hilde som går ut i svangerskapspermisjon til sommaren.
Elles er den store sak for tida kva som skjer med nærsjukhuset i Florø. Det er tøffe forhandlingar. Blir resultatet ei levedyktig avdeling i Florø er Flora kommune i samarbeid med Legegruppa klar for å flytte legevakt på kveld og helg dit. Eit tettare samarbeid med andre er viktig og avgjerande i akuttsituasjonar når akuttfunksjonen ved Florø sjukehus blir nedlagt frå 01.04.2004.
Legegruppa SMS og Førde legesenter arrangerte felles seminar fredag 1. mars 2002. Arrangementet starta med omvisning på nye Førde legesenter der Per Eggen og Ingrid Ytrehus leda an. Det blei servert pizza. 1 2
Neste seanse var seminar på Sunnfjord Hotell. Seansen opna med pianokonsert ved Geir og Ingrid. Deretter blei det servert i glass. To hovudemner stod på dagsorden - øhj. i fastlegeordninga og drift av laboratoriet i store legesentra.
Etterpå var det middag (1, 2, 3, 4, 5) og dans (1, 2, 3) Eit svært vellukka arrangement. Ved neste korsveg skal Legegruppa SMS vere vertskap.
Geir Kittang startar spesialistpraksis som fysikalsk medisinar i SMS. Les omtalen i Firdaposten.
Nye legar frå 15.01.2002. Stanislaw Duszyk gikk over frå turnuslege til fastlege. Yarlini Devairakkam kom frå barneavdelinga i Ålesund til faslegestilling hos oss. Clarence Johnpillai starta som turnuslege ved Legegruppa SMS. Han kom frå turnuslegestilling ved SSSF Florø og har gått vakter hos oss eit heilt år før han kom hit. Andre legar har også meldt si interesse for stilling så vona om å få legar i alle 10 fastlegestillingane er no realistisk.
Ingrid har slutta hos oss. Mandag 29. oktober, på hennar nest siste arbeidsdag her, arrangerte vi ein fest for henne på kantina med mykje god mat. Ingrid kjem til å bli sakna hos oss. Bilda frå festen finn du ved å klikke på tala.
Artikkel skrive av legar ved Legegruppa SMS
Klikk her
og les artikkelen til Geir Kittang i
Tidsskrift for Den Norske Lægeforening om Akupunktur og nedre ryggsmerter.
Les også aviskommentarane i Firdaposten
og Sunnmørsposten
Klikk her og les artikkelen til Dagfinn Krogsæter i Tidsskrift for Den norske lægeforening om avvenning frå bensodiazepiner.
Her er informasjon om Grunnkurs IV arrangert i Florø i veke 23, 2001.