Skålrim for Firdavegen 1 mens vi venter
på Sunnfjord Medisinske Senter
21.11.98.
Vyrde kvinner og menn
som samla er langt om senn
i eit hus som ser ut til å bli vårt eige
samtidig som ein del av oss skal leige
dei rom vi treng så sårt
for å utøve yrket vårt
Firdavegen I eller Sunnfjord Medisinske Senter
-det er her vi om litt våre pengar til salt i grauten henter.
Men dette er ikkje berre snakk om penger -
nei, det går så mykje lenger
inn i det faglege miljø
der alle varsamt må trø
slik at dette hus blir godt å vere i
ja, som eit bjørnehi
der bjørnemor med sine unger
gjennom vinteren bygger opp ein hunger
til å komme ut og virke
i eit samfunn der ein må lure og lirke
slik at dører opp lar seg dirke.
Mange dører har latt seg opne i dag
der vi på dugnad har arbeidd ilag
for å gi denne tanke eit innhold
og ikkje berre ende i grus og mold.
I kveld skal vi feire at vi er igang
gjennom ein tunnel som nok er trang
men som til sist opnar seg ut til den lyse dag
-ja, der skal vi gå ilag.
Så, igjen vyrde menn og kvinner,
våre glas vi hever før kvelden svinner.
Ein skål for eit hyggeleg lag!
Ein skål for ein vel gjennomført dag.!
Ein skål for Firdavegen I mens vi venter
på Sunnfjord Medisinske Senter!
**
9. februar 2001
Slik var soga den gang hitt året
sidan då har vi alle vorte litt meir grå i håret-
både av alder og vit
men mest av alt dette arbeid og slit
som no til slutt er krona med hell
-bygget står der praktfullt og svell
av kunnskap og folk med store visjonar
ja, vi har idag høyrt at det slett ikkje manglar på ambisjonar
Synergi, prosess, kvalitet - det gikk som ein leik
men dirigenten kalla det heile for drittpreik!
Alle kan sjå at samarbeidet har bore frukter
og i dag kan vi glede oss over alle dei gode lukter
av blomster som prydar vårt nye hus,
av rosande ord og til alle eit symbolsk krus.
Vi no ikkje lenger venter
på Sunnfjord Medisinske Senter.
Normund