Frå sjukt og delt til sterkt og heilt
-seminar i høve offisiell opning av Sunnfjord Medisinske Senter
Tid: 09.02.01 kl. 13.00
Stad: Kantina i Sunnfjord Medisinske Senter
Bakgrunn: Med Sunnfjord Medisinske Senter er så godt som alt helsetilbod i Flora Kommune utanfor sjukehuset no kome under eitt tak. Brukarane – folket i Flora kommune har allereie ytre store framtidsvoner for dette bygget; dette skal gjere livet enklare for dei. No kan dei få lækjarhandsaming og hente resept, få medisin og levere kvittering til trygdekontore i same bygget som dei får fysioterapi og bedriftshelseteneste.
Vi som flyttar inn i dette bygget må likevel ha større framtidsvyer. Vi har her betre høve enn nokon gong til til fagleg vekst og samarbeid. Ut frå dete må vi kunne bygge ein ny og større kunnskap. Med denne kan vi take fat på dei store utfordringane som ligg i helse- og trygdevesenet. Vi kan flytte fokus frå "sjukdom" og sjukeleggjering til attverande ressursar og meistring.
I miljøet vårt har vi aktørar som har vore aktive i utviklinga av tiltaka aktiv sjukmelding, nærversarbeid på arbeidsplassen, førebyggande tiltak og lokalsamfunnsmobilisering. Kan den kompetansen som no vil vere samla i dette senteret verkeleg setje pasient i fokus? Kan vi bryte "svarteper-spelet" der lækjaren berre leitar etter sjukdom, tilviser pasienten til endelause køar i spesialisthelsetenesta og sjukmelder, der arbeidsgjevaren helst vil kvitte seg med dei som ikkje lenger yter 100%, og trygdevesenet i eigen regi må setje i verk endå fleire tiltak og bruke endå større del av samfunnskaka?
Møtestyrar: Petter Øgar, fylkeslækjar i Sogn og Fjordane
13.00 Opning
13.05 Lokal innleiar: Jan Helge Dale: Sunnfjord Medisinske Senter – eit lokalt tilskot i ei nasjonal utfordring?
13.25 Stortingsrepresentant Inge Lønning (H) (fraksjonsleiar i kyrkje, utdannings- og forskningskommitèen)
13.45 Statssekretær Tore Hagebakken, Sosial- og helsedept.
14.05 Kort pause (lette forfriskningar)
14.20 Ordskifte. Nokre innlegg vil vere tinga.
15.20 Oppsumering ved møteleiar
15.30 Avslutning av seminaret.